Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2017

Intervju fra 1985

Bilde
Intervjuet ble publisert i  JERNGRYTA - Lokalt tidsskrift i Kvinesdal.  Jubileumsutgave 1985 Om det gjekk ein diktar forbi…. Kåre Egelandsdal intervjua av John Petter Lindeland - 1985. Det var mange tankar som rann igjennom meg då eg sat i bilen bort til Kvinlog. Eg hadde lese gjennom ein del av dikta til intervjuobjektet - følte at dei på mange måtar var samstemd i sin klang med strenger i mitt eige kjensleliv. Dette var også den einaste «kontakten» eg hadde hatt med han. Dikta fortalte meg at eg ville stå overfor eit kjenslevart og søkjande mennesk. Her var det inga slagord, men ei inderlieg søkjen etter sanning - si eiga personlege sanning. Om det gjekk ein diktar forbi …. ja, kva så? -  Eg kjem frå Stavanger og er vakse opp midt i byen. Er såkalla «siddis», men føler meg ikkje som det akkurat nå. -  Kva har oppveksten hatt å seia for deg, kanskje då spesielt hentyda på diktinga di? -  Eg vaks opp i ei vanskeleg tid. Då eg var nær på 3 år, br